Ledig stilling:

Statsmeteorologar ved Vervarslinga i Nord-Norge med oppgåver tilknytta Forsvaret

Søknadsfrist: 24.10.21

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Tromsø, Norge

Søknadsfrist: 24.10.21

Om arbeidsgiver:

Meteorologisk institutt står for den offentlege meteorologiske tenesta for sivile og militære formål. Instituttet skal arbeide for at styresmakter, næringslivet, institusjonar og allmenta blir best mogleg i stand til å sikre liv og verdiar, planlegge framover og verne miljøet. Meteorologisk institutt har tjenestesteder i Oslo, Bergen, Tromsø og på Svalbard, Ørland og Bardufoss.

Moderne meteorologi krev handtering og analyse av enorme datamengder, og byr på store og spennande faglege utfordringar. Heilt frå 1866 har norske meteorologar stått sentralt i utviklinga av faget, og vi er i dag eit leiande internasjonalt fagmiljø.

Kontakt:

Navn: Justyna Wodziczko

Tittel: avdelingsleiar

Tlf.: 913 74 517


Navn: Bård Fjukstad

Tittel: vêrvarslingsdirektør

Tlf.: 482 34 683.

Om stillingen

I den operative vêrvarslingstenesta ved Meteorologisk institutt er det frå 1.1.2022 ledig to faste stillingar som statsmeteorologar. Desse stillingane vil ha 50 prosent operasjonell turnus og 50 prosent tilknytt produktutvikling for Forsvaret. Ved interne tilsettingar kan det bli ledig ei 100 prosent stilling som operativ varslingsmeteorolog ved ein av MET sine tenestestader. Interne som skiftar arbeidsstad må rekne med at tidspunkt for oppstart kan bli flytta på.

Den operative vêrvarslingstenesta er i endring. Vi søker personar som er villige til både å inngå i vêrvarslingsteneste i ulike turnusoppgåver og som ved behov kan gå ut av turnus og utføre faglege aktivitetar. Det er også eit mål for Meteorologisk institutt å arbeide med meir saumlause tenester for våre viktigaste samarbeidsetatar. Eit tiltak her er denne stillinga som skal vere med på å knyte vêrvarslingstenesta og Forsvaret tettare saman.

Arbeidsområde

  • operativ vêrvarslingsteneste 24/7 innanfor sivil og militær flyvêrteneste, allmenvarsling og oppdragsvarsling.
  • delta aktivt med formidling av vêr og klima i aktuelle medium (SoMe, aviser og radio, foredrag og anna)
  • delta i prosjektarbeid internt og med instituttet sine samarbeidspartnarar. Dette omfattar både interne prosjekt for utvikling av tenestene og eksterne prosjekt som for eksempel forskingprosjekt
  • eventuelt delta i internasjonalt bistandsarbeid
  • eventuelt delta innanfor behovet til totalforsvaret i Noreg
  • andre fagleg relevante aktivitetar

Arbeidsområde tilknytt Forsvaret

  • Delta i gruppa som leverer tenester for Luftforsvaret saman med vêrtenestekontora på Ørlandet og Bardufoss
  • Utvikle produkt og tenester basert på alle typar data og modellar Meteorologisk institutt brukar, innanfor atmosfære, hav, is og anna.

Kvalifikasjonskrav

Generelle kvalifikasjonar:

  • høgare utdanning, mastergrad innanfor naturvitskap eller tilsvarande er eit krav, helst med spesialisering i meteorologi
  • generelle kunnskapar om tradisjonelle og sosiale medium og evne til effektiv kommunikasjon på slike plattformar
  • MET følger WMO (Verdas meteorologiorganisasjon) sine krav til kvalifikasjonar for statsmeteorologar. Nødvendig opplæring vil bli gitt.

Kvalifikasjonar for oppgåva tilknytt Forsvaret

  • Erfaring frå operativ stilling vil bli vektlagt
  • Erfaring med programmering, gjerne i R eller python
  • Erfaring med modell-, observasjons- og klimadata
  • Erfaring med forskingsformidling

Personlege eigenskapar

  • Du har evne og vilje til omstilling, til å halde deg fagleg oppdatert og til å ta i bruk nye metodar/hjelpemiddel
  • Du har god formuleringsevne, munnleg og skriftleg i norsk og engelsk
  • Du har evne og vilje til å medverke til profilering av Meteorologisk institutt gjennom utoverretta aktivitetar
  • Du er eigna til turnusteneste og greier å halde roa i periodar med høgt arbeidspress
  • Du likar faglege utfordringar
  • Du er engasjert og positiv og har evne til nytenking
  • Du likar ei utfordring, er løysingsorientert og beslutningsdyktig
  • Du kan arbeide både sjølvstendig og i team

Vi legg vekt på at kandidaten skal vere personleg eigna.

Arbeidsvilkår

  • løn som 1358 statsmeteorolog etter det offentlege regulativet i lønsramme 25, frå kr 468 300 til 626 100 per år avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte kan høgare løn vurderast. Kompensasjon for turnusteneste i samsvar med gjeldande reglar
  • faglege utfordringar på eit område som er nyttig for samfunnet
  • høve til eigenutvikling
  • eit moderne teknologisk arbeidsmiljø
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som er ei av dei beste pensjonsordningane i landet, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
  • 6 månadar gjensidig prøvetid

Tilleggsinformasjon

Vi legg vekt på mangfald og oppfordrar derfor alle kvalifiserte til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. MET deltek i statens inkluderingsdugnad og har som mål å få fleire med hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne ut i arbeid. Opplysningar om hol i CV eller nedsett funksjonsevne kan brukast til rapporteringsføremål

Sidan det ved interne flyttingar av personelI kan bli ledige stillingar ved andre operative kontor ved MET, ber vi søkarane opplyse om kva tenestestader dei ynskjer å arbeide ved. Statsmeteorologar i etaten som ynskjer overføring må også gi opplysningar om kva tenestestader dei ynskjer.

Det vert kravd tryggleiksklarering for hemmeleg nivå for tilsetting i stillingane. Les meir om sikkerheitsklareringa her.

For fleire opplysningar om stillingane kan du kontakte avdelingsleiar Justyna Wodziczko (VNN), tlf. 913 74 517 eller vêrvarslingsdirektør Bård Fjukstad, tlf. 482 34 683.

Powered by Labrador CMS