Ledig stilling:
Undervisning i maritime fag - maskin
Søknadsfrist: 24.05.2021
Denne artikkelen er over tre år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Laksevåg og Bergen maritime vgs har 80 tilsette og omlag 410 elevar. Skulen har totalt 27 klasser med tilbod innan bygg- og anleggsteknikk, elektro- og datateknologi, elektro- og datateknologi med spesiell studiekompetanse og teknologi- og industrifag. Innanfor teknologi- og industrifag tilbyr skulen Brønnteknikk, Kjemiprosess og laboratoriefag og Maritime fag. Skulen er lokalisert i Bergen sentrum.
Ved skulen er følgjande stilling ledig frå 1. august 2021:
100% fast stilling som faglærar i maritime fag.
Vi søkjer etter kandidatar som har M4 sertifikat eller høgare.
Undervisninga er i hovudsak lagt til VG2 maritime fag.
Ved tilsetjing vil det bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Arbeidsoppgåver
Undervisning i maritime fag.
Kvalifikasjonar
M4 sertifikat eller høgare.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner
- Gode samarbeidsevner
- Strukturert
- Sjølvstendig
- Fleksibel
- Liker å arbeide med ungdom
Vi tilbyr
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- For stillinga gjeld løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov- og avtaleverk.
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.