Ein jobb i Forsvaret er noko meir enn ein jobb. Forsvarets viktigaste oppgåve er å skape sikkerheit for Noreg og tryggleik for befolkninga. Uansett kva stilling du har, er du med på å ivareta landets og fellesskapets interesser. For å verne om alt vi har og alt vi er, må vi sjølve leve ut dei verdiane vi er satt til å forsvare. Vi ynskjer difor tilsette som bidrar til ein god kultur ved å vise respekt og ta ansvar for kvarandre, og ha mot til å handle riktig og våge å sei frå.
Som ein del av Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO) sørger du for at Forsvaret kan utføre sine oppgåver og forsvare landet på best mogleg måte. FLO fornyar, forenklar og forbetrar Forsvarets logistikk. Det gir styrka kampkraft og bærekraft. I FLO jobbar sivile og militære med høg kompetanse og lang erfaring med militær logistikk og materiell. Forsyning og vedlikehald av materiell, som er unikt for Forsvaret, er kjernekompetansen til FLO sine tilsette. FLO ivaretar innkjøp og driftsanskaffelsar for forsvarssektoren.
Ved Forsvarets verkstadar utførast vedlikehald av alt frå Sjøforsvarets fartøy til Hærens og Heimevernets stridsvogner, kjøretøy og våpen – i tillegg til komplekse sambandssystem. I Forsvaret er det ynskjeleg at arbeidsstyrken i størst mogleg grad skal speile mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn, hull i CV eller funksjonsevne. Vi vil sørge for tilrettelegging på arbeidsplassen om det er behov for det. Nokon av Forsvarets stillingar kan ha eigne helsekrav og krav til fysisk skikkaheit.
I henhald til offentlegheitslova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren kan anmode om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Det er eigne reglar for militære stillingar. Forsvaret nyttar elektronisk søknadssakshandling. Attestar og vitnemål/fagbrev må leggast ved søknaden. Høgare utdanning gjennomført utanfor Noreg må være godkjend av NOKUT eller Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Godkjenninga må dokumenterast.
Det blir gjort bakgrunnsjekk når sikkerheitsklareringa gjennomførast.