Denne artikkelen er over tre år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Informasjon om stillingen:
Stillingstype: Fast
Arbeidssted: Sarpsborg, Norge
Søknadsfrist: 02.01.23
Om arbeidsgiver:
DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivarar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 650 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet. Les meir på www.dsb.no
Vil du ta del i å tryggje samfunnet? Vil du vere ein viktig del av beredskapen i Noreg?
Vi ser etter ein dyktig forvaltningsmedarbeidar/arbeidsleiar til Østfold sivilforsvarsdistrikt. Du vil ha ei viktig rolle i eininga som står for logistikk og forvaltning, med særleg fagansvar for operativt sivilforsvarsmateriell, lagre og leigde lokal. Vi ser etter deg som er samfunnsorientert, likar å jobbe med menneske og trivst med at ikkje alle dagar er like.
Du skal:
leie forvaltning av materialet til distriktet og stå for innkjøp og delar av økonomiforvaltning i samsvar med gjeldande regelverk, forskrift og direktiv – med dette også materiellregneskap
leie logistikkarbeidet i distriktet, og med det væra fast arbeidsleiar for tilsett kommunalmateriellforvaltar og fagleg føresett for tenestepliktige materiellansvarlege, tilsvarande
ta ansvar for eigedomsforvaltinga og lagra til distriktet, unnateke eventuelle fjellanlegg
være distriktet sin IKT-kontakt opp mot IKT-eininga i DSB, og i samarbeid med dei forvalte IKT-materiell og oppgåver ved distriktet
ved behov delta i distriktsaktivitetar innanfor trening, øving og beredskap, og ved behov kunne ta del i beredskapsvaktordning (heimevaktordning)
Kvalifikasjonar
Du må ha:
relevant bachelorgrad, relevant kortare utdanning (t.d. relevant etatsutdanning eller bedriftsintern opplæring) saman med lang relevant erfaring kan kompensere for utdanningskrav. Utanlandsk utdanning må vere godkjend av NOKUT
god og relevant IKT-kompetanse
god munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk og god muntlig framstillingsevne på engelsk
førarkort klasse B
tryggleiksklarering før tiltreding
Det er ønskeleg at du har:
erfaring frå logistikk og/eller innkjøp, med dette også relevante programvare/IKT for logistikk og/eller rekneskap og økonomiforvaltning
arbeidsleiarerfaring
erfaring frå offentleg forvalting
erfaring som rettleiar og/eller utdanning innanfor pedagogikk
erfaring frå beredskapsarbeid
førarkort klasse BE/C1E
truckførarbevis
Personlege eigenskapar:
målmedviten
ein lagspelar
evne til å følgje opp
endrings- og utviklingsorientert
systematisk
Vår nye medarbeidar får:
ein spennande og variert jobb innanfor eit viktig samfunnsoppdrag, brei kontaktflate og høve til personleg utvikling
ei god blanding av logistikk-, administrative- og utviklingsoppgåver
jobbe med engasjerte medarbeidarar i eit godt arbeidsmiljø
fleksibel arbeidstid
høve til å trene i arbeidstida
bedriftshelseteneste
gode pensjons-, låne- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
årsløn frå kr 553 500 til 615 000 (lønstrinn 60-66) som rådgjevar (stillingskode 1434)
Om sivilforsvaret, distriktet og stillinga
Sivilforsvaret er underlagt DSB og har som hovudoppgåve å beskytte den sivile befolkninga i fred, krise og krig. Ved ulukker, flaum, skred, brann, pandemi og andre hendingar vil Sivilforsvaret hjelpe naud- og beredskapsetatane. Ved store kriser og krig har Sivilforsvaret oppgåver knytt til varsling, tilfluktsrom, evakuering og vern av befolkninga. Sivilforsvarsstyrken består av ca. 8000 tenestepliktige fordelte på 20 distrikt som er leidde av distriktssjefar. I tillegg til tenestepliktige, har distrikta fast tilsette.
For å kunne bidra i oppgåvene til Sivilforsvaret, er det viktig at du er skikka til å jobbe i ein beredskapsorganisasjon. Det kan vera aktuelt å ta del på øvingar og innsatsar, innanfor ramma av eigen kompetanse og fagområde. Sivilforsvaret er ein uniformert etat.
Distriktskontoret er etablert like utanfor Sarpsborg sentrum – like ved E6 - Tunejordet. Distriktet har normalt sju fulltidstilsette. Geografisk dekkjer vi i grovt det området som tidlegare utgjorde Østfold fylke, i dag med 12 kommunar. Området vårt er ein del av Viken fylke.
Som arbeidsleiar vil du ha fagansvaret for alt av logistikk, materiale, leigde eigedomar, køyretøy, deler av økonomiforvaltning og lagre i distriktet. Stillinga krev breidde i forhold til fagkunnskapar samt leiareigenskapar, og er difor særleg høgt løna som rådgjevarstilling. Du vil jobbe opp mot kompetansesenteret til Sivilforsvaret (SFK) og støtteavdelingar DSB. I tillegg vil du samarbeide med andre sivilforsvarsdistrikt, kommunar og i nokon grad andre regionale etatar. Du må også være budd på støtte ved aktivitetar som er knytte til trening, øving og beredskap.
Ved større hendingar kan det være behov for stille på kort varsel, og det må påreknast noko arbeid utanfor ordinær arbeidstid. Distrikta har beredskapsvaktordningar (heimevaktordning) der kvalifiserte medarbeidar må vera budd på å gå i turnus. Etter nærmare avtale, eige ønskje og opplæring, kan det være aktuelt å ta del i vaktturnus eller ta einskildvakter. Noko reiseverksemd må påreknast, også med overnatting borte frå heimen. Du vil få naudsynte kurs og kompetansetiltak etter oppstart.
Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og håpar difor at også kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss. DSB er fleksibel og tilrettelegg for mobilt kontor når det er hensiktsmessig.
Offentleg søkerliste
Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste når søknadsfristen går ut. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, jf. Offenteglova §25.