Ledig stilling:

Vil du bli med på ei ubåt reise?

Denne artikkelen er over tre år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Laksevåg, Norge

Søknadsfrist: 22.05.3023

Om arbeidsgiver:

Ein jobb i Forsvaret er noko meir enn ein jobb. Forsvarets viktigaste oppgåve er å skape sikkerheit for Noreg og tryggleik for befolkninga. Uansett kva stilling du har, er du med på å ivareta landets og fellesskapets interesser. For å verne om alt vi har og alt vi er, må vi sjølve leve ut dei verdiane vi er satt til å forsvare. Vi ynskjer difor tilsette som bidrar til ein god kultur ved å vise respekt og ta ansvar for kvarandre, og ha mot til å handle riktig og våge å sei frå.

Som ein del av Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO) sørger du for at Forsvaret kan utføre sine oppgåver og forsvare landet på best mogleg måte. FLO fornyar, forenklar og forbetrar Forsvarets logistikk. Det gir styrka kampkraft og bærekraft. I FLO jobbar sivile og militære med høg kompetanse og lang erfaring med militær logistikk og materiell. Forsyning og vedlikehald av materiell, som er unikt for Forsvaret, er kjernekompetansen til FLO sine tilsette. FLO ivaretar innkjøp og driftsanskaffelsar for forsvarssektoren.

Ved Forsvarets verkstadar utførast vedlikehald av alt frå Sjøforsvarets fartøy til Hærens og Heimevernets stridsvogner, kjøretøy og våpen – i tillegg til komplekse sambandssystem.I Forsvaret er det ynskjeleg at arbeidsstyrken i størst mogleg grad skal speile mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn, hull i CV eller funksjonsevne. Vi vil sørge for tilrettelegging på arbeidsplassen om det er behov for det. Nokon av Forsvarets stillingar kan ha eigne helsekrav og krav til fysisk skikkaheit.

I henhald til offentlegheitslova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren kan anmode om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Det er eigne reglar for militære stillingar. Forsvaret nyttar elektronisk søknadssakshandling. Attestar og vitnemål/fagbrev må leggast ved søknaden. Høgare utdanning gjennomført utanfor Noreg må være godkjend av NOKUT og godkjenninga må dokumenterast.

Det blir gjort bakgrunnsjekk når sikkerheitsklareringa gjennomførast.Les meir om jobb i forsvaret.

Kontakt:

Navn: Sagen, Tony Rene

Tittel: Verkstadsleiar

Tlf./E-post: 55 50 54 30 / 990 96 129

Forsvarets verkstader Bergen er på jakt etter deg som har eit brennande ynskje om å bidra med din kunnskap til å utvikle ubåtverkstadet på Laksevåg. Vi ser for oss at du har skikkeleg lyst til å bli ein del av ein unik og spanande arbeidsplass og at du tykkjer det høyres spanande ut at du skal få være med på reisa mot eit nytt ubåtanlegg på Haakonsvern.

Vi legg til rette for at du skal kunne vidareutvikle deg og tilegne deg den kunnskapen du treng for å bli god på vår eksisterande og nye ubåtklasse. Rørsveising vil primært skje på verkstadet i tett samarbeid med rørleggarar, og noko sveising på fartøy vil forekomme.

I dag er vi rundt 70 tilsette som utfører mekanisk/skrog vedlikehald og overflatebehandling på Sjøforsvarets ubåtar, og vi søkjar no etter ein ny sveisar til vårt verkstad på Laksevåg.

Ved Forsvarets verkstader Bergen er det over 400 tilsette, og vi vedlikeheld Sjøforsvarets materiell på landsbasis. Vedlikehaldet vårt brer seg over eit vidt spekter av fagfelt frå høgteknologi til konvensjonell verkstadsdrift.

Arbeidsoppgaver

  • Vedlikehalde, reparere og produsere rør.
  • Dokumentere eige sveisearbeid i henhald til verkstadets rutiner.
  • Bidra til å videreutvikle verkstadet fram mot ny ubåtklasse og nye vedlikehaldsfasiliteter på Haakonsvern.
  • Delta i prosjekt ved behov
  • Du må rekne med noko reiseverksamd i arbeidet
  • Være ein viktig bidragsytar til å oppretthalde fokus på HMS

Kvalifikasjoner

  • Fagbrev som sveisar
  • Særleg relevant erfaring kan vege opp for manglande fagbrev.
  • Sveisesertifikat på rør med sveisemetode 141 (TIG) i gruppe FM5 (rustbestandig materiale)
  • Erfaring med rørproduksjon og bruk av teknisk dokumentasjon i det daglege arbeidet
  • Den som ansettast må kunne sikkerheitsklarerast for HEMMELEG før tiltredelse
  • God muntleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.

Det er ynskjeleg med

  • Sveisesertifikat på rør med sveisemetode 141 (TIG) i gruppe FM1+FM2 (karbonstål)
  • Erfaring med sveising av CuNi (koppernikkel)

Personlige egenskaper

  • Du arbeidar godt både sjølvstendig og saman med andre
  • Du har interesse for faget og er villeg til å tilegne deg ny kunnskap
  • Du er strukturert og opptatt av ein ryddig arbeidsplass
  • Du er løsningsorienter
  • Du er positiv til nye utfordringar

Søknader og CV som ikkje er skrevet på norsk, vil ikkje bli vurdert.

Vi kan tilby

  • Ein arbeidsplass med eit trivelegt og uformelt arbeidsmiljø med låg turnover
  • Gode moglegheitar for personleg og fagleg utvikling
  • Moglegheit for fleksibel arbeidstid.
  • Vi har treningsrom lokalt på Laksevåg, og moglegheit for å nytte vårt store treningsanlegg med symjehall, klatrevegg og styrkerom på Haakonsvern. Dette kan du nytte opp til 2 timar i arbeidstid per veke så lenge tenesta tilseier det, samt på fritid saman med familien.
  • Gode pensjons- og velferdsordningar.
  • Lønn i henhald til Verkstadsoverenstkomsten i Forsvaret, for tida 543 147 - 593 181 per år, avhengig av kvalifikasjonar. Av lønn trekkast 2% lovbestemt innskudd til Statens pensjonskasse.



Powered by Labrador CMS