Ledig stilling:

Er du vår nye driftskoordinator ubåt?

Denne artikkelen er over tre år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Laksevåg, Norge

Søknadsfrist: 27.08.2023

Om arbeidsgiver:

Ein jobb i Forsvaret er noko meir enn ein jobb. Forsvarets viktigaste oppgåve er å skape sikkerheit for Noreg og tryggleik for befolkninga. Uansett kva stilling du har, er du med på å ivareta landets og fellesskapets interesser. For å verne om alt vi har og alt vi er, må vi sjølve leve ut dei verdiane vi er satt til å forsvare. Vi ynskjer difor tilsette som bidrar til ein god kultur ved å vise respekt og ta ansvar for kvarandre, og ha mot til å handle riktig og våge å sei frå.

Som ein del av Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO) sørger du for at Forsvaret kan utføre sine oppgåver og forsvare landet på best mogleg måte. FLO fornyar, forenklar og forbetrar Forsvarets logistikk. Det gir styrka kampkraft og bærekraft. I FLO jobbar sivile og militære med høg kompetanse og lang erfaring med militær logistikk og materiell. Forsyning og vedlikehald av materiell, som er unikt for Forsvaret, er kjernekompetansen til FLO sine tilsette. FLO ivaretar innkjøp og driftsanskaffelsar for forsvarssektoren.

Ved Forsvarets verkstadar utførast vedlikehald av alt frå Sjøforsvarets fartøy til Hærens og Heimevernets stridsvogner, kjøretøy og våpen – i tillegg til komplekse sambandssystem.I Forsvaret er det ynskjeleg at arbeidsstyrken i størst mogleg grad skal speile mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn, hull i CV eller funksjonsevne. Vi vil sørge for tilrettelegging på arbeidsplassen om det er behov for det. Nokon av Forsvarets stillingar kan ha eigne helsekrav og krav til fysisk skikkaheit.

I henhald til offentlegheitslova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren kan anmode om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Det er eigne reglar for militære stillingar. Forsvaret nyttar elektronisk søknadssakshandling. Attestar og vitnemål/fagbrev må leggast ved søknaden. Høgare utdanning gjennomført utanfor Noreg må være godkjend av NOKUT og godkjenninga må dokumenterast.

Det blir gjort bakgrunnsjekk når sikkerheitsklareringa gjennomførast

Kontakt:

Navn: Kjøde, Harald

Tittel: Senioringeniør

Tlf./E-post: 91 53 00 67

----------------------

Navn: Rød, Odd Magne

Tittel: Driftsingeniør

Tlf./E-post: 93 22 31 63

Er du proaktiv, glad i å jobbe med mennesker og ubåtar?

Vi har ledig ei stilling som driftskoordinator ubåtvedlikehald. Der vil du ha ansvar for leiing og koordinering av vedlikehalds- og modifikasjonsoppdrag knytta til Forsvarets ubåtar. Du skal gjennomføre og rapportere på desse oppdraga etter gjeldande bestemmelsar. I tillegg er du leveranseansvarleg både for vedlikehald og modifikasjonsoppdrag som utførast av Forsvarets eigne verkstadar og sivile leverandørar. Du skal, i samarbeid med kollegaer, bidra til å utvikle avdelinga innanfor ansvarsområdet, og du vil få moglegheita til å påverke både nye og eksisterande arbeidsprosessar.

Arbeidsoppgaver

  • Planlegging og oppdragsleiing av vedlikehalds- og modifikasjonsoppdrag mot Forsvarets ubåtar.
  • Leiing og koordinering av interne og eksterne bidragsytare til oppdraga.
  • Generell støtte til foresatt med gjennomføring av oppdrag og leiing av avdelinga.

Kvalifikasjoner

  • Fagbrev og Teknisk fagskule innanfor relevant fagområde innen ubåtvedlikehald.
  • Minimum 5 års relevant erfaring med vedlikehald av ubåtar.
  • Ytterlegare relevant erfaring frå vedlikehald av ubåtar kan etter vurdering kompansere for manglande formell utdanning.
  • Erfaring frå bruk av ERP-system innanfor vedlikehaldsstyring.
  • Den som vert tilsett må kunne klarerast for Hemmeleg (H) før tiltredelse.

Det er ønskeleg at du har:

  • Relevant erfaring innanfor oppfølging og koordinering av vedlikehald.
  • Erfaring av ERP system som nyttast av Forsvaret (SAP).

Personlige egenskaper

  • Samarbeidsvilleg: god på å rådføre seg med andre og samstundes være ein god lyttar som kommuniserar klart og tydeleg.
  • Strukturert: god på å arbeide metodisk for å kunne organisere og fordele arbeid både internt og eksternt.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne både på norsk og engelsk: du må kunne utrykke budskap klart, tydeleg og utvetydig både verbalt og skriftleg.
  • God evne til å skape seg heilhetsoverblikk: sjå samanheng mellom ulike oppgåver og aktørar, skilje mellom vesentlege og uvesentlege faktorar.
  • Sjølvstendig: du må like å arbeide sjølvstendig og ta eigne beslutningar begrunna på eiga innsikt.

Søknadar og CV som ikkje er skreven på norsk vil ikkje bli vurdert.

Vi kan tilby

  • Gode moglegheitar for personleg og fagleg utvikling
  • Fleksibel arbeidstid, med moglegheit for trening i arbeidstid
  • Gode pensjons- og velferdsordningar
  • Lønn etter Statens lønnsregulativ som Driftskoordinator, kode 0175, lønn kr 604 400 + garantilønn 11% over topp fagarbeidar. Det trekkes 2 % lovbestemt innskudd til Statens pensjonskasse
Powered by Labrador CMS